Håndballcup Fotballcup Sommarlandfestivalen

Praktisk informasjon

Oppdatert 25. juni 2019

Prolog og finalar

Prolog og finaleheat vert arrangert i Bøgata og Stasjonsvegen.

Startintervall i prologen vil vere 15 sek. Startlistene i prologen blir sortert etter FIS-poeng der dei raskaste løparane startar fyrst. Landslagsløparar vil vere kvalifisert til kvartfinalane utan å gå prologen.

Finaleoppsettet vil følgje skiforbundet sin modell for sprintrenn, men ingen løparar går vidare som «lucky loosers». Arrangøren deler i staden ut to «wildcards» til semifinalane og finalen.

Oppslagstavla ved start vil vise kven som går i dei ulike finaleheata.

Startnummer, brikke og rulleski

Løparane må hente startnummer og tidtakarbrikker i sekretariatet ved start/ mål før prologen. Løparar som skal gå finalar, får nye startnummer og brikker. Løparane må levere nummer-vesten og brikkene rett etter målgang.

Alle løparar går på låneski frå IDT. Utlån av ski skjer også i start- og målområdet.

Premiering

Dei tre beste løparane får premie på Bø torg ved kommunehuset etter finalane.

Sparebank1 Telemark stiller med pengepremiar i begge klasser:

  1. premie: kr 5.000
  2. premie: kr 3.000
  3. premie: kr 2.000

Offisielle resultatlister

Resultatlister vert lagt ut på nettsida etter rennet.

Parkering

Gratis parkering i Bø sentrum og ved Gullbring Kulturanlegg.

Garderobar

Løparar som ikkje overnattar i Bø denne helga, kan nytte garderobar i Gullbring Kulturanlegg.

Teknisk delegert (TD)

TD for Sommarlandsprinten 2019:
Per Asdal, Stathelle

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.